Kvinne funnen død i Aurland

Publisert 26.07.2016 14:51, oppdatert 26.07.2016 15:18 - NTB - tips@stottmedia.no

Kvinne funnen død i Aurland

Ei kvinne er funnen død i Aurlandsdalen i Sogn og Fjordane tysdag ettermiddag, etter at ho fall nær 20 meter frå stien og ned i ein steinur.

– Kvinna har falle om lag 20 meter frå stien og deretter sklidd 30 meter nedover i ei steinur, skriv politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

Politi, Røde Kors og luftambulanse kom fram til staden like før klokka 17.

– Det var ein turgåar som fann kvinna. Turgåaren måtte gå eit stykke før vedkommande fekk varsla politiet på grunn av manglande mobildekning. Kvinna blei funnen utanfor stien i eit bratt og ulendt område, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme i Vest politidistrikt til NTB like etter klokka 16.

Aurlandsdalen er eit velkjent og mykje besøkt turistområde i Sogn og Fjordane.

Politiet fekk melding om funnet 14.07 tysdag. (©NPK)

Les også